Bleietunet  i Hardanger - GUIDA GÅRDSBESØK I FRUKTBART FJORDLANDSKAP
Velkomen på gardsbesøk  
i fruktbare Hardanger
 
- til ein av verdas vakraste, best bevarte, og mest fruktbare fjordar.
 
 
Fruktblomstring i Vikebygd landskapspark med Folgefonna nasjonalpark i bakgrunnen
 
 
er eit begrep i Norge , 
og eit "must"  å oppleve ein gong i livet.
 
 
Guida vandring på fruktgard
 
To tur-alternativ: kort og lang
 
 
Tur 1.
"Liv og lagnad på fruktgarden
Indre Bleie"
 
Bli med på ein lett guida tur 1,5 - 2 t med historieforteljing  og innhaldsrik vandring gjennom tun og frukthage,
og prydhage rundtom i Bleietunet.
 
 ...  kom tettare på:
  • Livet til menneska her
  • Fjord-landskapet
  • Særprega historie
  • Naturkrefter - 1000-årsskreda
  • Vatn som ressurs i fast og flytande form
  • Unik ’villhage’ og fugleliv langs den fossande Bleie-elva
  • Fruktdyrking på 60*N
  • Smak nyplukka  frukt i sesongen 
  • Smak eigenprodusert eplecider
  • Avslutt gjerne med å stikke innom Sjurs-stabburet ; eit lite gardsutsal med frukt, handverk og eit skattkammer med brukte gjenstandar.
 
 
Tur 2.
Fruktgardbesøk på Indre Bleie
 
Dette er kortversjon av første turen for dei som ikkje har tid eller helse til den lengste ge turen, med kun 1 t vandring, kortare avstand og færre tema:
  • Fjord-landskapet
  • Fruktdyrking på 60*N
  • Smak eigenprodusert eplecider
  • Smak nyplukka  frukt i sesongen
  • Avslutt gjerne med å stikke innom Sjurs-stabburet ; eit lite gardsutsal med frukt, handverk og eit skattkammer med brukte gjenstandar.
 
 
Vår og forsommar er unike, og å anbefale for å oppleve naturen her på sitt finaste.
Idè for ein "Blåtur" el.l.  felles utflukter ?
 
Både grupper og enkeltreisande er velkomne
Grupper som kan kome kva dag dei vil når dei tingar på førehand
I sommarsesongen går tur 1 kvar onsdag kl 13.30
Tur 2 er for grupper som tingar ein kortare tur.
 
 
Parkering og frammøte nede ved Fv 550
- gratis parkering
 
GPS: Latitude: 60.243 N, Longitude: 6.565 A
 
 
 
 
 
ADRESSE :  
Indre Bleie, 5776 Nå  - NORWAY
 
TEL :
(+47) 91 17 97 95
 
EPOST:
 
 
 
 
 
Vi er fleksible om der er spesielle ønske - spør!
Velkomne!
 
----------
 
Gå så vidare til sida fjordlandskapet for å få vite meir
 
Webside drives av  Vistaprint